TV frå Telia: TV-pakken du lagar sjølv 📺

Kvi­for betale for ein fast TV-pakke full av innhald du aldri ser på?

Med TV frå Telia lagar du din eigen per­son­lege TV-pakke. Du brukar poen­ga dine på dei TV-kanalane og strøymeten­estene du fak­tisk ønskjer – og kan enkelt byte innhald når du vil.

Vil du ha meir sport i ein peri­ode? Net­flix no og Viaplay ikveld? Meir barneinnhald, film eller seri­ar? Du bestem­mer sjølv kva TV-pakken din skal innehalde.

Ingen unød­vendi­ge kanalar du aldri brukar. Ingen kom­plis­erte pakkar. Berre innhaldet som pas­sar deg.

Dine fordelar✨

Med Telia Play får du TV-kanalar og strøymeten­ester sam­la på éin stad.

Du kan:

  • 📺 lage din eigen TV-pakke
  • 🔄 byte innhald enkelt når du ønskjer — val­ga dine er aldri låst
  • 🎬 vel­je mel­lom strøymeten­ester, TV-kanalar og kanalpakkar
  • 📱 sjå på TV, AppleTV, mobil­tele­fon, net­tbrett og PC
    Tilgjen­ge­leg via TV-deko­daren din, appen “Telia Play” eller på www.teliaplay.no
  • ⏺️ Ta opp­tak med 500 timar lagringskapasitet
  • 👩🏼‍💻 Laste ned innhald på føre­hand og sjå offline utan nett
  • 🌟 Enkelt og bil­lig utvide med fleire deko­darar — til hyt­ta f.eks!
  • 🏠 Ha med deg TV-pakken din kor enn du er — fun­ger­er i heile Europa.

TV-pakken din er med deg – kvar du vil 📱💻📺

Telia Play er ikkje berre TV-en i stova.

Du har til­gang til TV-pakken din på TV, mobil­tele­fon, net­tbrett og PC/Mac, slik at du kan sjå innhaldet ditt når og der det pas­sar deg.

Sjå serien vidare på net­tbret­tet i sen­ga, fot­bal­lkam­p­en på mobilen, fil­men på PC-en eller favorittpro­gram­met på TV-en i stova.

Same TV-pakke. Same innhald. På alle skjer­mane dine.


Slik fungerer TV-poenga

Du star­tar med ein TV-pakke med poeng og brukar poen­ga på innhaldet du ønskjer.

Det betyr at to kun­dar med same poeng­pakke kan ha heilt forskjel­lige TV-pakkar. Du vel sjølv om du vil pri­or­itere sport, film, seri­ar, barneinnhald, strøymeten­ester eller TV-kanalar.

Og om du ombestem­mer deg? Då byter du berre.

Ønskjer du ikkje å styre med å vel­je og byte? Velg eit abon­nement med fleire poeng inklud­ert! Då kan du ha fleire ten­ester aktivert på likt.

Vel poengpakken som passar deg

*Fib­er­abon­nement kjem utanom. Kvinnher­ad Breiband tek atter­hald om eventuelle endringar i pris og kana­lut­val i abonnementsperioden.

Abon­nement med eller utan deko­dar er mog­leg. Utan deko­dar så nyt­tar ein net­tle­sar og app.

Ønskjer du fleire eller færre poeng?
Send oss enkelt ein e‑post til [email protected], så endrar vi poeng­pakken for deg.


Dette kan du velje i

Fast innhald — alltid inkludert

Du har fast til­gang til dei norske, kjende kanalane. Desse kan ikkje vel­jast bort, blir ikkje rek­na som ein del av poeng­pot­ten og krevjer difor 0 poeng.

Førehandsvalt innhald

Desse kanalane har vi føre­handsvalt for deg. Du kan enkelt byte ut med anna innhald om du vil.

Valfritt innhald

Under val­fritt innhald er der moroa star­tar! Her kan du vel­je inn akku­rat det du vil, og byte akku­rat når du vil. Om du likar strøymeten­estene som Net­flix, TV2 Play eller SkyShow­Time, eller om du føre­trekk kun TV-kanalar som Nation­al Geo­graph­ic, Viasat His­to­ry eller V Sport. Ein kom­bi­nasjon er sjølvsagt også heilt lov!

Strøymeten­ester

Kanal­pakkar (fleire TV-kanalar i ein pakke)

Enkeltkanalar


Premiuminnhald ⭐

I til­legg til innhaldet du vel med TV-poen­ga dine, kan du leg­gje til pre­mi­u­minnhald der­som du ønskjer endå meir sport, film eller underhaldning:

Pre­mi­u­minnhald kjem i til­legg til den van­lege TV-pakken din, og kan vere eit godt alter­na­tiv der­som du ønskjer til­gang til utvi­da sportsinnhald.

Ønskjer du eit pre­mi­umpro­dukt, sendar du enkelt ein epost til [email protected]


Byte av innhald — enkelt forklart 🔄

Det fine med TV-poen­ga er at du ikkje treng å bestemme deg éin gong for alle.

Du kan enkelt gå inn i Val­gmenyen, vel­je bort det du ikkje brukar lenger og bruke poen­ga på noko anna.

På Telia-boksen 📺

Trykk: Hus-knap­pen → pil ven­stre → Valgmenyen

Der hukar du av eller på det innhaldet du ønskjer. Når du er fer­dig, går du til høgre og stad­fes­tar valet.

Så enkelt er det.

På mobil, nettbrett og PC 📱

Du kan gjere akku­rat det same i Val­gmenyen i net­tle­saren.

Logg inn, finn Val­gmenyen i menylin­ja, huk av eller på det du ønskjer og stad­fest valet til slutt.

I Telia Play appen 📱

Telia Play-appen brukar du til å sjå TV, fil­mar, seri­ar og resten av innhaldet ditt på mobil og nettbrett.

Sjølve Val­gmenyen er førebels ikkje tilgjen­ge­leg inne i appen, men det er enkelt løyst: Skal du byte innhald, opnar du berre Telia Play i net­tle­saren på mobilen, net­tbret­tet eller PC-en – eller gjer endringa direk­te på Telia-boksen.

Du har alt­så fram­leis full kon­troll over TV-pakken din, uansett kva ein­ing du brukar.


Usikker på kva du skal velje? Vi hjelper deg 💛

Du treng ikkje set­je saman pakken åleine.

For­tel oss kva du og fam­i­lien likar å sjå på, så hjelper vi deg gjerne med å set­je saman ein TV-pakke som pas­sar akku­rat dykk – og med å bruke poen­ga på ein smart måte.

Med fiber frå Kvinnher­ad Breiband og TV frå Telia lagar du din eigen TV-pakke som du kan ha med deg over­alt! Sjå på TV, mobil­tele­fon, net­tbrett eller PC — når som helst.

Direk­te tv eller strøyming, du får begge del­er hjå oss.
Velkom­men til di heilt per­son­lege TV-oppleving!

Brukarhandbok for TV-Telia 🆘

Vil du ha dei forskjel­lige funksjo­nane litt meir i detalj, og ønskjer deg kan­skje litt tips og triks?
Last ned vårt hefte under her, så vert du kan­skje litt klokare — elles tek du berre kon­takt med oss 😊