|
Oppsett av ruter | Både Kvinnherad Breiband og våre kundar slit med funksjonalitet ved bruk av trådlause rutere. Nettet blir ustabilt og link mellom ruter og vår Fiber/ADSL sentral blir nedkopla.
Dette skyldast i hovudsak programoppsettet på ruter slik den kjem levert frå fabrikk. I Kvinnherad Breiband sitt nett fungerer ruterne best ved å programera ruteren om til aksesspunkt. Dette fordi vår fiber/ADSL sentral har innebygget ruting.
Det aller beste er å kjøpa eit trådlaust aksesspunkt og ikkje trådlaus ruter. Da er det berre å leggja på naudsynt sikkerheit slik at ikkje andre kan nytta det trådlause nettet ditt. | | | Generelt for dei aller fleste trådlause rutere er det berre å slå av DHCP på ruterer som er naudsynt for å endra frå ruter til aksesspunkt. Pluss at ein må flytta kabelen frå WAN porten til ein av LAN portane. | | | Dei mest nytta ruterne som er å få kjøpt i Kvinnherad er D-link DIR635 og DIR655. For desse ruterne koplar ein PC til LAN1 på ruteren med ein nettverkskabel og slår inn fylgjande adresse http://192.168.0.1/Basic/Network.shtml og fjerne hake i rute for enable DHCP server. | | | Gjer ein dette + flyttar kabelen frå WAN til LAN så er ruteren oppsatt som aksesspunkt og vil fungera meir stabilt og ein vil også få høgare bandbreidde. I tillegg må ein sjølvsagt leggja på naudsynt sikkerheit slik at nettet er låst for utanforståande. | | | Lykke til med ditt nye trådlause aksesspunkt. | | | | | | | |
| |
|
Driftsmeldinger | | 14.05.2012 | Brot på internettaksess | Ventelo Networks varsler arbeid i sitt nett natt til mandag 21.05.2012 mellom kl 01:00 og kl 06:00. Dette medfører nedetid på vår hovudaksess for internett i inntil 15 min og all trafikk vil då gå med redusert bandbreidde via reserveveg. I same tidsperiode vil alle våre telefonikundar vera utan telefonsamband. TV tenestene vert ikkje berørt av arbeidet. Kvinnherad Breiband beklager det inntrufne. | 10.05.2012 | Fiberbrudd Skeishagen | Ei anleggsmaskin gjorde idag torsdag kl 1125 skade på høgspentkabel og fiberkabel i Skeishagen. Dette medfører problem for nokon få fiber og ADSL kundar i Rosendal. Feilen vil bli retta i morgon fredag. | | Siste nyhende | | 16.03.2012 | Nyhet: TV2 sport og Premier League til kr 249,- | TV2 endrar igjen prisen på sportpakkana sine. Det vil sei at dei legg inn TV2 Sport til alle kundar som har TV2 Barclays Premier League samtidig som dei set ned prisen att frå 349 til 249. Dette gjeld både eksisterande Premier League kundar og nye kundar og gjeld i heile for helie 2012. | | 09.01.2012 | Prisauke på TV | GET varsla oss i oktober om at dei set opp prisen på diverse TV pakkar TV frå 01.01.2012. Grunngjevinga for prisauken er utviding av antall kanalar og auka pris til TV kanalane. Nye kanalar som har kome til i 2011 er: TVNorge HD, Max, TV2 Bliss, Canal9 og NRK's kanalar i HD.
For Kvinnherad Breiband sine eksisterande kundar blir prisauken fyrst gjeldande frå 01.07.2012 for Get grunnpakke start og frå 01.03.2012 for TV2 sport og Premier League.
For nye kundar gjeld prisauken frå 01.01.2012 | | | | Linker | | |