|
Har du eit problem? Kan henda svaret ligg her! | | | Har ikkje forbindelse med internett! Da les du neppe dette her frå di eige maskin, men her er nokre råd om kva du kan prøve på:
| | | - Slå av alt utstyr og start det opp igjen - også vår heimesentral og evt. trådlaust utstyr. - Sjekk at alle kablar er kopla rett og at dei sitt skikkelig fast i kontaktane. - Om du har ein eigen ruter, switch, HUB eller anna utstyr mellom vår heimesentral og din PC så kople til PCen direkte i heimesentralen (LAN1-porten). Fungerer det da så ligg feilen i utstyret du kopla fra. - Har du ADSL så sjekk ADSL-lampa på heimesentralen. Den skal lyse fast GRØNT når forbindelsen til sentralen er i orden. Om den ikkje lyser eller blinker så ta straumen av og på, vent i nokre minutter og sjå om den da lyser fast. Om den ikkje gjer det så er det ein feil mellom heimesentral og telefonsentralen, ring feilmeldingstelefonen vår 53475670 og legg att ei kortfatta melding om kva problemet gjeld, samt kven abonnementet er registrert på! - Har du fiber så skal lampa merka WAN lysa/blinka ORANSJE. Om den ikkje lyser eller blinkar så ta straumen av og på, vent i nokre minutter og sjå om den da lyser. Om den ikkje gjer det så er det ein feil mellom heimesentral og nettet, ring feilmeldingstelefonen vår og legg att ei kortfatta melding om kva problemet gjeld, samt kven abonnementet er registrert på! - Lampa merka LAN1 skal lyse GRØNT og vil blinke ujamnt. Dette er heilt normalt. Om den ikkje lysar så er det ikkje forbinding mellom heimesentralen og PCen din. Sjekk da nettverkskortet i PCen din.
| | | Epost-problem. Det vanlegaste problemet vi får spørsmål om er at ein ikkje får lest mail via Outlook eller eller Outlook Express. Framgangsmåten for å få til dette står forklart i detalj i vårt instruksjonshefte (last dette ned frå link nedanfor). Hugs at i feltet 'Brukernavn:' så skal heile epostadressa di stå - altså med @knett.no også (t.d. ole.olsen@knett.no). Hugs også at det i passordfeltet skiljast mellom store og små bokstavar, og at det kan vera vanskeleg å skilja mellom teikna 1, l og I (tallet 1, liten L og stor I) i det brevet vi sender ut med passord og brukarnavn. | | | | | | | |
| |
|
Driftsmeldinger | | 18.08.2010 | Feil på Halsnøy | kl. 13:15 Feilen på Halsnøy skal no vera retta
| | 21.07.2010 | Feil på radio - TV portal | 21.07.2010 kl 16:40 Altibox har no funne feilen og alle radiokanalar skal no vera tilbake.
| | | Siste nyhende | | 23.06.2010 | Noregs råaste fotballpakke på Kvinnherad Breiband | Samarbeidsavtalen mellom Altibox og TV2 gjev Kvinnherad Breiband sine kundar tilgang til den råaste fotballpakken som nokon gang har vore presentert på norsk TV - 'Barclays Premier League' - Pris kr 179,- pr månad *). Frå 14. august vil 5 fotballkanalar i HD kvalitet vera på plass. Frå 11.mars 2011 vil også norsk fotball bli inkludert.
OBS! Krever HD dekodar og HDTV
| | 02.06.2010 | Sjå Fotball VM hjå Kvinnherad Breiband | Har du TV grunnpakke frå Kvinnherad Breiband så kan du sjå 53 av ialt 64 VM kampar direkte utan å betala noko ekstra. På TV Viasat Underhaldning kan du sjå alle kampane. | | | | Linker | | |