Framsida
Framsida
Kvinnherad Breiband AS, 5464  Dimmelsvik- Tlf.: 53 47 56 40 - mail: post@kband.no - www.kband.no

Get overkopling er no sett i gang.

Klikk på bilete for full storleik
 

Vi har no starta overkoplinga til Get.  Mandag 22. august fekk 60 Altibox-kundar levert nye Get-dekoderar på døra av Rosendal Turnlag.  Overkopling av desse kundane skjer i dag. 


Neste overkopling blir 7. september.  Vi held no på med ferdigregistrering av innkomne bestillingar.  Dei som ikkje har bestilt vil få same antal og type dekoder som er registrert per i dag.
 
Klikk på bilete for full storleik

4 idrettslag har fått oppdraget med å levera ut nye dekoderar i forkant av overkoplingsdato og innhenting av brukt utstyr etter overkopling.

 

Rosendal Turnlag distribuerer frå Uskedal og inn til Mauranger, samt Omvikedalen, Matre og Åkra.  Trio Volleyball har området frå Herøysund til Utåker.  Halsnøy Idrettslag har Halsnøy og Fjelberg, og StrandUlv Har Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy.

 

Når Get-boksane kjem i hus må dei ikkje koplast til før du har motteke SMS frå oss.  Før du koplar til Get må alle Altibox dekoderar koplast i frå, desse kan ikkje blandast.

 

Fylgjande datoar er det planlagt overkopling:

 

24. august:  Seimsfoss

 

7. september: Valen, Sandvoll, Utåker.  Høylandsbygd, Arnavik, Sydnes og Fjelbergøyane.

 

14. september: Dimmelsvik.  Sæbøvik og Halsnøy Kloster.

 

21. september: Sunde / Husnes 1, Herøysundet.  Matre, Åkra.  Hatlestrand, Ølve, Varaldsøy.

 

28. september: Sunde-Rørvik-Kaldestad-Husnes Vest.  Neslia og inn til Mauranger.

 

5. oktober:  Rosendal, Uskedalen.

 

Nokre kundar er tilknytt stamkabelen som går gjennom heile kommunen og kan ha avvikande leveransedatoar frå dette oppsettet.  Har du ikkje fått SMS 7-8 dagar før ”din” dato kan du vera registrert med feil mobilnummer, og det er fint om du melder frå om dette.  Har du gløymt å bestilla og ynskjer å gjera endringar må vi ha bestilling innan fredag 26. august.  

 

Bestilla kan du gjera her: http://www.kband.no/no/respons/Privat/Bestilling_priv/

 
 
 
  Tilbake

 
Driftsmeldinger
30.01.2012
Falsk e-post melding til Kvinnherad Breiband kundar
Mange av våre kundar har i løpet av helga motteke falske e-postmeldingar om at Kvinnherad Breiband oppgraderer antivirus på vår Web server og at våre kundar må svare på på disse e-postane med å oppgje e-postadresse og passord.

Dette er ikkje riktig og du må ikkje svara på e-postane. Slett meldinga snarast råd.

Generell info: Du må aldri oppgje passord, korkje for e-post eller andre tenester du nyttar på internett.

09.01.2012
Mogelige driftsforstyrringar
Natt til tirsdag 10.01.2012 og natt til torsdag 12.01.2012 ca kl. 03:00 (begge dagar)vil vi kopla om datasentert vårt i Dimmelsvik til nye UPS'er (reservestraum).

Det er ikkje venta nedetid som fylgje av omkoplinga. Vi vil likevel varsla våre kundar om omkoplinga i tilfelle uforesatte ting skulle skje under vegs. Det vil då etter omkoplinga natt til torsdag vera slutt på nedetid av tenester som fylgje av straumbrot i Dimmelsvik.

Siste nyhende
09.01.2012
Prisauke på TV
GET varsla oss i oktober om at dei set opp prisen på diverse TV pakkar TV frå 01.01.2012.
Grunngjevinga for prisauken er utviding av antall kanalar og auka pris til TV kanalane.
Nye kanalar som har kome til i 2011 er: TVNorge HD, Max, TV2 Bliss, Canal9 og NRK's kanalar i HD.

For Kvinnherad Breiband sine eksisterande kundar blir prisauken fyrst gjeldande frå 01.07.2012 for Get grunnpakke start og frå 01.03.2012 for TV2 sport og Premier League.

For nye kundar gjeld prisauken frå 01.01.2012
30.11.2011
Ny kanal i startpakken

Onsdag den 30. november lanserer vi den nye kanalen CANAL9.
Dette er ei storsatsing i Noreg frå Canal + og svenske TV4 som er eid av eit av nordens største medieselskap, Bonnier Group.
Linker
Dynamiske websider: iDrift AS