Framsida
Framsida
Kvinnherad Breiband AS, 5464  Dimmelsvik- Tlf.: 53 47 56 40 - mail: post@kband.no - www.kband.no

No kjem NRK1 i HD

Frå 12. februar får du NRK1 i HD kvalitet inkludert i grunnpakken.

Då byrjar NRK å senda utvalde program i HD og dette får sjølvsagt alle våre kundar ta del i utan tillegg i pris. Kanalen kjem som ein eigen kanal i kanallista.
Kanalen blir tilgjengelig i både grunnpakken og Viasat Underhaldning.
 

Vi vil presisera at det er berre den nye kanalen som kjem i HD. Dersom du nyttar gamal NRK1 eller nokre av lokalkanalane (til dømes Vestlandsrevyen) så kjem ikkje desse kanalane i HD.

 

Program innhaldet i HD kanalen blir det same som på NRK1 men med østlandssendinga når det sendast distriktsnyhender.

 

Dette blir no den andre HD kanalen i grunnpakken. Frå før er også Svensk TV1 (SVT HD) inne.

 
 
 
  Tilbake

 
Driftsmeldinger
30.01.2012
Falsk e-post melding til Kvinnherad Breiband kundar
Mange av våre kundar har i løpet av helga motteke falske e-postmeldingar om at Kvinnherad Breiband oppgraderer antivirus på vår Web server og at våre kundar må svare på på disse e-postane med å oppgje e-postadresse og passord.

Dette er ikkje riktig og du må ikkje svara på e-postane. Slett meldinga snarast råd.

Generell info: Du må aldri oppgje passord, korkje for e-post eller andre tenester du nyttar på internett.

09.01.2012
Mogelige driftsforstyrringar
Natt til tirsdag 10.01.2012 og natt til torsdag 12.01.2012 ca kl. 03:00 (begge dagar)vil vi kopla om datasentert vårt i Dimmelsvik til nye UPS'er (reservestraum).

Det er ikkje venta nedetid som fylgje av omkoplinga. Vi vil likevel varsla våre kundar om omkoplinga i tilfelle uforesatte ting skulle skje under vegs. Det vil då etter omkoplinga natt til torsdag vera slutt på nedetid av tenester som fylgje av straumbrot i Dimmelsvik.

Siste nyhende
09.01.2012
Prisauke på TV
GET varsla oss i oktober om at dei set opp prisen på diverse TV pakkar TV frå 01.01.2012.
Grunngjevinga for prisauken er utviding av antall kanalar og auka pris til TV kanalane.
Nye kanalar som har kome til i 2011 er: TVNorge HD, Max, TV2 Bliss, Canal9 og NRK's kanalar i HD.

For Kvinnherad Breiband sine eksisterande kundar blir prisauken fyrst gjeldande frå 01.07.2012 for Get grunnpakke start og frå 01.03.2012 for TV2 sport og Premier League.

For nye kundar gjeld prisauken frå 01.01.2012
30.11.2011
Ny kanal i startpakken

Onsdag den 30. november lanserer vi den nye kanalen CANAL9.
Dette er ei storsatsing i Noreg frå Canal + og svenske TV4 som er eid av eit av nordens største medieselskap, Bonnier Group.
Linker
Dynamiske websider: iDrift AS