|
Kunde nr. 2500 | | Tirsdag 8. desember kopla vi på kunde nr. 2500. Dette blei høgtideleg markert med kake og eit stort pressekorps frå Kvinnherad heime hjå Margit Isaksen i Hidlervegen på Husnes. | | | Kvinnherad Breiband sin kunde nr. 2500, Margit Isaksen blei sist tirsdag høgtidleg feira med kake, blomar med eit fulltallig pressekorps frå Kvinnherad pressen tilstades. | | | Kvinnherad Breiband overleverte offisielt breibandspakken, 'Internett, digital TV og telefon', til Margit heilt utan etableringskostnad. I tillegg fekk ho ein PVR opptaksdekodar, slik at ho kan ta opp TV program ho ikkje har høve til å sjå direkte eller ynskjer å sjå oppatt ved seinare høve. Denne disponerar ho så lenge ho er kunde hjå oss utan kostnad. | | | Målet for Kvinnherad Breiband med å nå 2500 kundar i 2009 er dermed nådd. Av disse kundane har 1271 IPTV (digital TV) og 938 IP telefoni. | | | Kvinnherad Breiband kan i dag levera fiber dei aller fleste stader i kommunen. Nokre unnatak finst sjølvsagt enda og dei fleste av disse får høve til å kopla seg på fibernettet i løpet av 2010 og 2011. Da reknar vi med å vera ferdig med utbygginga. Er du usikker på om det kan leverast fiber der du bor, ta kontakt med oss på telefon 53 47 56 40 eller send oss ein e-post til post@kband.no. | | | I 2010 vil vi også ha høg fokus på å flytta eksisterande kundar frå ADSL over på fiber og etterkvart fasa ut ADSL tenesta vår. | | | Du kan lesa meir om feiringa på fylgjande linkar til lokal presse: | | | Husnesnett: http://husnesnett.no/no/nyhende/493/ | | | | | | Kvinnheringen: http://www.kvinnheringen.no/nyhende/article4762117.ece | | | Innsida: http://innsida.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20091215/KVINNHERAD/912159997/1019 | | | | | | | | | | |
| |
|
Driftsmeldinger | | 30.01.2012 | Falsk e-post melding til Kvinnherad Breiband kundar | Mange av våre kundar har i løpet av helga motteke falske e-postmeldingar om at Kvinnherad Breiband oppgraderer antivirus på vår Web server og at våre kundar må svare på på disse e-postane med å oppgje e-postadresse og passord.
Dette er ikkje riktig og du må ikkje svara på e-postane. Slett meldinga snarast råd.
Generell info: Du må aldri oppgje passord, korkje for e-post eller andre tenester du nyttar på internett.
| | 09.01.2012 | Mogelige driftsforstyrringar | Natt til tirsdag 10.01.2012 og natt til torsdag 12.01.2012 ca kl. 03:00 (begge dagar)vil vi kopla om datasentert vårt i Dimmelsvik til nye UPS'er (reservestraum).
Det er ikkje venta nedetid som fylgje av omkoplinga. Vi vil likevel varsla våre kundar om omkoplinga i tilfelle uforesatte ting skulle skje under vegs. Det vil då etter omkoplinga natt til torsdag vera slutt på nedetid av tenester som fylgje av straumbrot i Dimmelsvik.
| | Siste nyhende | | 09.01.2012 | Prisauke på TV | GET varsla oss i oktober om at dei set opp prisen på diverse TV pakkar TV frå 01.01.2012. Grunngjevinga for prisauken er utviding av antall kanalar og auka pris til TV kanalane. Nye kanalar som har kome til i 2011 er: TVNorge HD, Max, TV2 Bliss, Canal9 og NRK's kanalar i HD.
For Kvinnherad Breiband sine eksisterande kundar blir prisauken fyrst gjeldande frå 01.07.2012 for Get grunnpakke start og frå 01.03.2012 for TV2 sport og Premier League.
For nye kundar gjeld prisauken frå 01.01.2012 | | 30.11.2011 | Ny kanal i startpakken | Onsdag den 30. november lanserer vi den nye kanalen CANAL9. Dette er ei storsatsing i Noreg frå Canal + og svenske TV4 som er eid av eit av nordens største medieselskap, Bonnier Group.
| | | | Linker | | |