Framsida
Framsida
Kvinnherad Breiband AS, 5464  Dimmelsvik- Tlf.: 53 47 56 40 - mail: post@kband.no - www.kband.no

Kunde nr. 2500

Tirsdag 8. desember kopla vi på kunde nr. 2500. Dette blei høgtideleg markert med kake og eit stort pressekorps frå Kvinnherad heime hjå Margit Isaksen i Hidlervegen på Husnes.
 

Kvinnherad Breiband sin kunde nr. 2500, Margit Isaksen blei sist tirsdag høgtidleg feira med kake, blomar med eit fulltallig pressekorps frå Kvinnherad pressen tilstades.

 

Kvinnherad Breiband overleverte offisielt breibandspakken, 'Internett, digital TV og telefon', til Margit heilt utan etableringskostnad. I tillegg fekk ho ein PVR opptaksdekodar, slik at ho kan ta opp TV program ho ikkje har høve til å sjå direkte eller ynskjer å sjå oppatt ved seinare høve. Denne disponerar ho så lenge ho er kunde hjå oss utan kostnad.

 

Målet for Kvinnherad Breiband med å nå 2500 kundar i 2009 er dermed nådd.  Av disse kundane har 1271 IPTV (digital TV) og 938 IP telefoni.

 

Kvinnherad Breiband kan i dag levera fiber dei aller fleste stader i kommunen. Nokre unnatak finst sjølvsagt enda og dei fleste av disse får høve til å kopla seg på fibernettet i løpet av 2010 og 2011. Da reknar vi med å vera ferdig med utbygginga. Er du usikker på om det kan leverast fiber der du bor, ta kontakt med oss på telefon 53 47 56 40 eller send oss ein e-post til post@kband.no.

 

I 2010 vil vi også ha høg fokus på å flytta eksisterande kundar frå ADSL over på fiber og etterkvart fasa ut ADSL tenesta vår.

 

Du kan lesa meir om feiringa på fylgjande linkar til lokal presse:

 

Husnesnett: http://husnesnett.no/no/nyhende/493/

 
 

Kvinnheringen: http://www.kvinnheringen.no/nyhende/article4762117.ece

 

Innsida: http://innsida.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20091215/KVINNHERAD/912159997/1019

 

 

 
 
 
  Tilbake

 
Driftsmeldinger
18.08.2010
Feil på Halsnøy

kl. 13:15
Feilen på Halsnøy skal no vera retta
21.07.2010
Feil på radio - TV portal

21.07.2010 kl 16:40
Altibox har no funne feilen og alle radiokanalar skal no vera tilbake.
Siste nyhende
23.06.2010
Noregs råaste fotballpakke på Kvinnherad Breiband

Samarbeidsavtalen mellom Altibox og TV2 gjev Kvinnherad Breiband sine kundar tilgang til den råaste fotballpakken som nokon gang har vore presentert på norsk TV - 'Barclays Premier League' -  Pris kr 179,- pr månad *). Frå 14. august vil 5 fotballkanalar i HD kvalitet vera på plass. Frå 11.mars 2011 vil også norsk fotball bli inkludert.

OBS! Krever HD dekodar og HDTV
02.06.2010
Sjå Fotball VM hjå Kvinnherad Breiband
Har du TV grunnpakke frå Kvinnherad Breiband så kan du sjå 53 av ialt 64 VM kampar direkte utan å betala noko ekstra. På TV Viasat Underhaldning kan du sjå alle kampane.
Linker
Dynamiske websider: iDrift AS