Torsdag 1. desember fekk vi TV Haugaland tilbake i startpakken vår. Du finn den på kanalplass 23 i kanaloversikta.
Andre nyhende i kanal samansettinga er alle NRK radio sine distriktsendingar kjem attende nå i desember. Føl med på vår heimeside når dette skjer.
Ynskjer du å få GET TV frå kvinnherad Breiband så bestiller du det her.
Siste nyhende
Prisauke på TV
GET varsla oss i oktober om at dei set opp prisen på diverse TV pakkar TV frå 01.01.2012. Grunngjevinga for prisauken er utviding av antall kanalar og auka pris til TV kanalane. Nye kanalar som har kome til i 2011 er: TVNorge HD, Max, TV2 Bliss, Canal9 og NRK's kanalar i HD.
For Kvinnherad Breiband sine eksisterande kundar blir prisauken fyrst gjeldande frå 01.07.2012 for Get grunnpakke start og frå 01.03.2012 for TV2 sport og Premier League.
Onsdag den 30. novemberlanserer vi den nye kanalen CANAL9. Dette er ei storsatsing i Noreg frå Canal + og svenske TV4 som er eid av eit av nordens største medieselskap, Bonnier Group.
Vi har no starta overkoplinga til Get. Mandag 22. august fekk 60 Altibox-kundar levert nye Get-dekoderar på døra av Rosendal Turnlag. Overkopling av desse kundane skjer i dag.
Neste overkopling blir 7. september. Vi held no på med ferdigregistrering av innkomne bestillingar. Dei som ikkje har bestilt vil få same antal og type dekoder som er registrert per i dag.
Falsk e-post melding til Kvinnherad Breiband kundar
Mange av våre kundar har i løpet av helga motteke falske e-postmeldingar om at Kvinnherad Breiband oppgraderer antivirus på vår Web server og at våre kundar må svare på på disse e-postane med å oppgje e-postadresse og passord.
Dette er ikkje riktig og du må ikkje svara på e-postane. Slett meldinga snarast råd.
Generell info: Du må aldri oppgje passord, korkje for e-post eller andre tenester du nyttar på internett.
Natt til tirsdag 10.01.2012 og natt til torsdag 12.01.2012 ca kl. 03:00 (begge dagar)vil vi kopla om datasentert vårt i Dimmelsvik til nye UPS'er (reservestraum).
Det er ikkje venta nedetid som fylgje av omkoplinga. Vi vil likevel varsla våre kundar om omkoplinga i tilfelle uforesatte ting skulle skje under vegs. Det vil då etter omkoplinga natt til torsdag vera slutt på nedetid av tenester som fylgje av straumbrot i Dimmelsvik.
Eldre nyhende
15.06.2011
Overgang til GET TV
15.06.2011 kl 09:45 Grunna ekstremt stor etterspurnad etter GET bokser så må vi inntil vidare settja stopp for flytting av kundar frå Altibox til GET.
Altibox har utan varsel til oss gjort endringar i grunnpakken. Discovery, Animal Planet og TLC er teken ut av basispakken og 4 nye BBC kanalar er komen inn som erstatning.
Vi beklagar sterkt denne endringa og tilby dei som har mista desse kanalane om å konvertera til GET allereie no (vi har begrensa med GET boxar og må derfor begrensa antallet til 30 kundar)